fjellstøtt


eg hadde någe, du tok det vekk

når du viska ut alt eg va

eg ser det goda i deg forsvinna

når du lere meg å hata meg sjøl


eg kan stå fjellstøtt i høge hæler nå

men då ville ikkje beinå bera

folk kan sei ka de vil om det eg blei

men då kosta det for møje


eg va ikkje stemmelaus, men du gjorde meg stille

eg hadde ingenting eg sgo sagt

eg va ikkje liden, men du gjorde meg om te ingenting

vett du kor vondt det e å forsvinna


eg kan stå fjellstøtt i høge hæler nå

men då ville ikkje beinå bera

folk kan sei ka de vil om det eg blei

men då kosta det for møje


©AudunSkanke&MariHauge



TEKSTER

det va ikkje meg


og øynene våre leide kver sin vei

dine ser fram

mine ser tebage


mitt sinn e uten ro

sende svarlause spørsmål

te natt og te hav


det va ikkje meg du kom for

det va ikkje deg eg va meint for


eg vil ha svar

som du ikkje har

eg vil ha svar som du ikkje kan gi meg


det va ikkje meg du kom for

det va ikkje deg eg va meint for


eg synke og eg synke

og der e ikkje bunn å merka likt te

eg synke og eg synke

og der e ikkje bunn


det va ikkje meg du kom for

det va ikkje deg eg va meint for


©AudunSkanke&MariHauge


kor eg kan dra


om eg rode meg vekk

eller famle i blinde

om eg går så fort

at eg komme aleina fram


då vett eg kor eg kan dra


om eg velge kver einaste omvei

eller går uten retning

så eg ikkje finne veien

og ikkje meg sjøl


då vett eg kor eg kan dra

te deg


det e alltid deg eg e på vei te


og eg vett kor eg kan dra

te deg


©AudunSkanke&MariHauge



lang dag


sama koss eg snur og vende på det

så verke det

det e som å bera uten å ta med någe

som å lyfta uten å kjenna vekt

eg vil ikkje lyfta mer

eg vil ikkje bera mer


for det har vert en

lang dag

å, gud, la nåttå ver bedre med meg


sama ka eg jørr for å lindra

så forvirre eg

det e som å slå hardt og ver langt fra å treffa

som å fresa uten å laga lyd

eg vil ikkje banna mer

eg vil ikkje be om mer


for det har vert en

lang dag

å, gud, la nåttå ver bedre med meg



©AudunSkanke&MariHauge



ser deg så klart


glippe du nå

mysste eg deg

eg kan ikkje lenger nå deg

eg ser deg, men eg rekke ikkje fram


hørre du meg

eller e det for seint

eg robe så høgt eg kan

men eg får ikkje svar


eg ser deg så klart

men du e så langt vekke

det e som om du har glømt meg

som om eg ikkje finns


du komme inn te meg

stryge meg øve håret

det e så godt, det e så vondt

eg lade som eg sove


eg ser deg så klart

men du e så langt vekke

det e som om du har glømt meg

som om eg ikkje finns


eg ser deg så klart

men du e så langt vekke

det e som om du har glømt meg

som om eg ikkje e di


©AudunSkanke&MariHauge



det går ikkje an å legga seg nå


det e en fine kveld

det dryppe litt lett i

brosteinane utforbi

og imårå e det tidlig opp


men det går ikkje an å legga seg nå


og alle rundt her

har lagt seg for å sova

me burde kanskje ikkje bråga

men det e en fine kveld


og det går ikkje an å legga seg nå


©AudunSkanke&MariHauge



vekk fra meg


du myssta meg et sted langs veien

eg hadde for lite tid

for store fart


va du på vei te

va du på vei fra

kor sgo du rømma

kor sgo du dra


vekk fra meg -


du ville fanga solå

for å skremma vekk

alt det mørka inni oss


men lyset eg ville dela

dro du i fra

og det eg hadde å gi deg

greide du ikkje ta


(så du dro) vekk fra meg -


sjøl det åpnaste sinn

eige djup det ikkje kan loddast bunn i

og i vårt eget hjerta

e der hav å seila

og ødemark å gå seg


vekk fra meg -


©AudunSkanke&MariHauge



stoppa tiå


drømte at eg stoppa tiå

at eg knuste kvert et ur

i denne by, i dette land, i denne verden

tikk takk, tikk takk


og så skrudde me tiå tebage

så begynte me på nytt

gjorde det igjen for fysste gang

det va det me ville, sant?


huske du koss landet låg urørt

koss me ivra itte mer

enn det me va, enn det me sa, i denne verden

tikk takk, tikk takk


og så skrudde me tiå tebage

så begynte me på nytt

gjorde det igjen for fysste gang

det va det me ville, sant?


©AudunSkanke&MariHauge



hold fast


på gjengrodde stier fra den gång eg va ung

trør de opp igjen, fram te den plassen du og eg

låg på ryggen og kikka mot himlen

og venta på at det sgo gå øve

og eg fekk ikkje sova for der va så møje i luftå


me kjørte med store fart inn i någe me ikkje kjente

eg tok deg i håndå di, sa hold fast, hold fast


me låg og lo av at jo mørkare det blei

dess mer sko me få se av stjernene der oppe

og me strekte oss itte de begge

om lysår e langt så går lyse år fort

og eg fekk ikkje sova for derr va så møje i luftå


me kjørte med store fart inn i någe me ikkje kjente

eg tok deg i håndå di, sa hold fast, hold fast


©AudunSkanke&MariHauge


fly


de sa eg kunne fly

de sa eg hadde vinge som bar meg

det e så langt ner

vett ikkje koss eg endte her


nå står eg på kanten og tenke at nå

får det bare bera -


dette fjellet e mitt

denne klippå e målet eg nådde

det e så langt ner

vett ikkje koss eg endte her


nå står eg på kanten og tenke at nå

sga eg fly


kem velge egen bør

kem velge sine veier

går eg en vei som aldri føre fram


nå står eg på kanten og tenke at nå

får det bare brista


©AudunSkanke&MariHauge



ikkje gå fra meg nå


så går det plutselig opp for meg

eg kan se det i blikket ditt

at eg har fått det du har å gi

så kjenne eg kossen stundå tar meg

livredd for at du sga ha satsa alt

livredd for å ikkje strekka te


har du fått det du ville

har eg gitt mer enn du ba om

ikkje gå fra meg nå

tenke du eg e for mye

e du redd det blir for stort

ikkje gå fra meg nå


du blei heile min verden

va du klar for det

eg greide ikkje la deg bli någe mindre

eg burde holdt igjen

ikkje vist kem eg va

men det va så stort å vera viktig for deg


når du satsa alt på meg, visste du ka du gjorde


har du fått det du ville

har eg gitt mer enn du ba om

ikkje gå fra meg nå

tenke du eg e for mye

e du redd det blir for stort

ikkje gå fra meg nå


©AudunSkanke&MariHauge